Kontroll og sertifisering av arbeidsutstyr
Fleksibel tilgjengelegheit
Lang erfaring og høg kompetanse. Ring meg (+47) 913 36 735.
Årlig service av løfteutstyr gir tryggleik på arbeidsplassen
Hugs årleg kontroll og service av alt løfteutstyr!
For å sikre trygg bruk av løfteutstyr og overhalde gjeldande forskrifter minner vi om det årlege kravet til sakkyndig kontroll. Ifølge norsk regelverk skal alt løfteutstyr inspiserast minst ein gong i året av ein godkjent sakkyndig person. Gillen Egil Straume tilbyr årlig service og kontroll av løfteutstyr.
Tenester
Utleige av lift (personløftar)
Sakseliftar
8 meter og 10 meter arbeidshøgde
Utleige av dino lift
15 meter arbeidshøgde
Service og kontroll
Om Egil
Egil har vore sjømann i heile sitt yrkesaktive liv, han er utdanna skipper/kaptein, og segla på palle og containerbåter i rutefart mellom Danmark, Sverige og heile norskekysten.
Som 60 åring tok han ut pensjon og sa takk for seg etter omlag 1000 gonger over Stadthavet.
Livet som pensjonist vart kort. Det vart raskt etablert eit firma ved namnet Gillen AS som starta med sertifisert opplæring på truck, kran og maskiner.
Kvifor starte med akkurat det?
På 1960-70 talet, då byrja industrien og anskaffe seg truckar og etterkvart så vart alle varer lagt på pallar og handtert med truck. Ettersom dette medførte ein del skader og ulukker så kom kravet om opplæring frå arbeidstilsynet. I 1978 tok Egil første truck instruktørkurset i Bergen, seinare vart det utvida på fleire maskiner.
I dag er det sonen min Anders Egil saman med fleire som driv denne kursverksemda under namnet Sikkerhetskompetanse AS.
Egil er framleis aktiv i miljøet, med sertifisering og årleg kontroll av arbeidsutstyr.


Ring meg
(+47) 913 36 735
Ein kompetent kar som kan sine saker.
Gillen Egil Straume
Hans Strøm vegen 9, 6100 Volda.
egil@gillen.no
